nyheter utgivelser bilder kontakt bestill
historie

gjestebokmyspacefacebook_offisiell_gruppefacebook-fangroup
ItunesDjuceCDON-COMPlatekompaniet

Tor Inge
In Action


Tor Inge Hystad

 

Etter meir eller mindre tilfeldig treff med Eivind Birk på Stord senter ein gong i 1992 vart det til at et vart eg med på
øving i ”Gurini huset” på Hodnaland. I gamle dagar var det faste øvingsdager fredag og lørdag.
Halvseriøse øvingar som ofte sklei ut i meir seriøse vorspiel. Gamle galebrettet har fortsatt gule tangentar etter barndommen i den gamle innrøyka stova i Gurinihuset. Skylder på Spissøyen sin Tidemanns gul .
Første skikkelige spelejobben i November 1992 var oppvarming for Ingenting i tunhallen på vikjo. Knakande kjekt med elendig lyd og dårlig kritikk av spissøyen si tromming i bladet Sunnhordland mandagen etterpå.
Det var førøvrig den meir eller mindre kjente Asbjørn Slettemark som hengte ut spissøyen som ustødig. Kritikken var sjølvsagt uberettiga ettersom spissøyen er stødighten sjølv.
Må brenna dei som meiner noko anna.
Har uttallige gode minner frå innspeling av første demotape’ane i ølen til lugubre spelejobbar rundt om i lokal miljøet. Husk for all del å spesifisere ”raideren” godt.
Tabbe å enda opp ein gong te med innkvartering på sure gymmatter på den lokale skulen der ”varm mat” er definert som lunken pølse med brød.(med helsing te gnetalusene på Bømlo som hyrte oss til ein eller anna jobb i 1994)
Mi karriere i Bastard sklei ut i dautio rundt 1997..Var då i Bergen som hardbarka student, med mindre tid til rock’n’ roll på Storen. For i militæret i nordnorge i 1998 for deretter ende opp i arbeidsløysa på Stord som igjen drog meg tilbake til Bergen. Der er eg fortsatt 10 år etter.
Står eit brett bak meg og støvar. Heldigvis veit ikkje det brettet ka det har gått glipp tå.
Gje gass. Tøft å sjå at nye generasjoner set pris på ekta rock i svart kvitt og fine fargar.
Faen…trur eg ska spela litt no..